Ål vidaregående skule

Saman med Fagskolen Innlandet tilbyr Ål vidaregåande skule utdanning som fremjar nyskaping og grunderverksemd, gjennom fagskuleutdanningen Natur- og kulturbasert entreprenørskap.

Ål vidaregåande skule er lokalisert i Hallingdal, i Ål kommune.  Skulen har i dag utdanningstilbod innan fleire yrkesretningar, i tillegg til fagskule.  Skulen tilbyr ei framtidsretta utdanning med vekt på tilhøva i fjellandbruket, der husdyrhald og bærekraftig bruk av ressursar på innmark og i skog, fjell og vatn står sentralt. 

Fagskolen Innlandet har over 40 års erfaring med fagskuleutdanning og er den største fagskulen i Norge.  

Neste oppstart av studiet er hausten 2018, med søknadsfrist 15.april 2017. 

Natur- og kulturbasert entreprenørskap er eit deltidsstudium over to år, og inneheld desse emna: 

  • Driftsleiing og økonomi 
  • Frå idè til bedrift 
  • Produksjon av varer og tenester basert på lokale ressursar 
  • Tverrfagleg fordjupingsoppgåve 

Studiet er eit tilbod til deg som ynskjer meir kunnskap om oppstart av ny næring, utvikle eigen eigedom eller studere vidare. Målet er å bidra til vekst og grunderskap basert på lokale og regionale ressursar.  

Det er ikkje krav om studiekompetanse for å kome inn, men fullført utdanning innan naturbruksprogrammet eller tilsvarande realkompetanse. 

Studiet er lagt opp slik at det skal kunne kombinerast med ein arbeidssituasjon. Det er ti studiesamlingar pr. år. Undervisninga vil vera ein kombinasjon av utferder, gjesteførelesarar, oppgåveløysing og ordinær klasseromundervising. Det vil i tillegg vera noko kvelds- og nettundervisning. Det er obligatoriske oppgåver i alle emne, og ei tverrfagleg fordjupingsoppgåve til slutt. 

Samlingane vil ha hovudbase på Ål vidaregåande skule, men det vil og verta ekskursjonar til aktuelle lokale bedrifter, og evnt med overnatting. 

Studiet har oppstart september 2018.  

Studiet er eittårig fagskulestudium gjennomført som deltidsstudium over to år.  

For spørsmål om opptakskrav, studiet og gjennomføring, kan du ta kontakt med Ål vidaregåande skule eller Fagskolen Innlandet.